Bergen og Hordaland ATTAC!
Den Blå Steinen Kontakt RessurserForum Bli medlem! Til forsiden
 

ATTAC lokallag i Bergen og Hordaland

ATTAC lokallag i Noreg med heimesider

ATTAC sentrale sider

ATTAC lag verden over

Hvis du ikke fant det landet du søkte kan du gå hit.

Vil ikkje Unge Høgre bygga demokratiet?

Ønskjer Unge Høgre å bidra til å bygga demokratiet? Svaret burde vore innlysande. Eg blei likevel i tvil etter å ha lese Kristine Olsen Brakstad sitt innlegg i B.T. sist måndag.

Dersom nokon tok til å klussa med stemmeretten vår, ville me straks ropa at demokratiet var i fare. Ville me ropa like høgt dersom makta vart teken bort frå dei me hadde stemt på? Forskarane bak den nye maktutgreiinga kan, som andre forskarar i inn og utland, slå fast at det er nettopp det som er i ferd med å skje. Det er kort sagt tre faktorar som bidreg til dette: 1) Stadig fleire avgjerder blir flytta frå demokratiske organ på nasjonalt nivå til udemokratiske, eller i beste fall mindre demokratiske, organisasjonar på internasjonalt og overnasjonalt nivå. Døme på slike organisasjonar kan vera WTO, IMF, Verdsbanken og EU. 2) Det skjer ei stadig rettsleggjering av politikken der politiske avgjerder blir bytta ut med domstolsavgjerder. Døme kan vera EFTA-domstolen sine pålegg om å endra demokratisk fatta vedtak som følgje av brot på EØS-avtalen. 3) Privatisering fører til at avgjerder blir flytta frå demokratiske organ til næringslivet.

Utviklinga i EU, utviklinga av tilhøvet mellom EU og resten av verda og utviklinga av tilhøvet mellom Noreg og EU påverkar, og blir i stor grad påverka av, denne utviklinga. Det er ein skandale at det ikkje er meir offentleg debatt om dei ulike sidene ved dette. Det er ein enda større skandale at viktige politiske aktørar ønskjer å hindra ein slik debatt. Kva har så Høgre å skjula sidan dei ikkje tør snakka høgt? Ønskjer Høgre ei utholing av demokratiet? Har ikkje Høgre lenger noko rolle å spela i den offentlege debatten om dette?

 
Den Blå Steinen Kontakt RessurserForum Bli medlem! Til forsiden!
 

Er du interessert i å bli med i ATTAC Bergen eller har du spørsmål? Send en e-post til bergen@attac.no
Kommentarer/forslag til sidene sendes til: .